Jungel 2007 - Forord
: prologos anthologia
Publisert 20. oktober 2007
Kva skal vi med nok ein antologi?
Er ikkje Jungel 2001-2006 nok? Damms førebelse Pilot, Aschehougs ikkje-fullt-så-nykverna Ferskvare, Cappelens trufaste lysgløtt Signaler? Er det ikkje tilstrekkeleg å lese dei kortskorne medaljetekstane i Vinduets novellekonkurranse? Eller månadsvinnaren av Dagbladet.nos Diktkammer? Skolekammeret? Dei titals norske nettfora der unge håpefulle legg ut sine meir eller mindre gjennomarbeidde dikt og ventar (forgjeves) på poengtert slakt eller heider?
Heilt sidan Jung.no vart etablert, har det vore stor aktivitet og pågang på tekstar frå ulike hald. Som oftast frå nye, litterære røyster – nokon med ambisjonar og pågangsmot, nokon med rått materiale, andre med litterære stjernetreff som verken treng omskrivingar eller anna. Kanskje er denne omfattande aktiviteten og tuslinga-i-kulissene ikkje så synleg for lesarane våre. Vi er selektive i kva vi velgjer ut, og blant alle innsendte bidrag er det berre nokre få vi publiserer. Blant dei beste tekstane finst debutantar som er meir modne enn mange av dei som blir lagt ut på ymse nettsider i dag, og samstundes prøvande, utforskande, pubertale – og med det meiner eg friske.
Og om eg skal gi dykk seks gode grunn til å lese Jungel 2007, så må det vere nettopp seks litterært utprøvande debutantar; famlande nok til å prøve på å setje ein kohesjon, men modne nok til å bryte samanhengar sund. De vil sjå at dei ulike bidraga, både mellom og hos den einskilde debutanten, har stor grad av variasjon og utprøving. Nokre kan kalle dei uferdige, eg vil kalle dei famlande, på ein frisk og utfordrande måte.
Anne K. Skaare har skrive seks kortprosatekstar som på det eine viset er halde saman i ein syklus og samstundes
grip dei ut – i nær sagt alle retningar. Dei kan vere personlege og nære som hos barnet, reflekterande og grundige som hos
språkvitaren, eller berre skildre eit plutseleg tankeinnfall: å brenne ned husveret sitt. Ikkje minst er dei fulle av strålande
poetiske observasjonar:
”Mammamakten ligger i dette, i den fysiske utbredelsen, i den fastsatte huden.”
Helge Berseth debuterer med fem dikt, som alle tar til i eit grenseland mellom svevn og vake, levande rørsle og død. Som ein utanforståande held det poetiske egoet fram sitt blikk på ”din andre side”, ”utenfor stillheten”, og han reflekterer over korleis språket blir smitta av denne skjøre, eksistenstielle grensa.
Eirik Bergesen Dalen publiserer fire dikt i denne antologien. Dikta er kan hende kortare og meir springande enn hos dei andre diktdebutantane, men eg må seie det er befriande å lese dikt om ”sølvsuper i hagen”, ”lollipop i kjellaren” – som endar med ”trappen opp, grønn sofa”. Det konkrete og utilgjorte er ein fellesnemnar for Bergesen Dalen, formidla på ein måte som kan minne om ein fin poet som Øyvind Berg.
Atle Sperre Hermansen har skrive fire små fantasifulle episoder, som har digresjonen og det mislukka eller utilpasse som sitt prosasiske nav. Det kan vere ein mann som kjenner seg handlingslamma og framand for si eiga leilegheit og tenkjer: ”leiligheten er som en hund. Om jeg bare sitter i ro her, noen timer, så vil den venne seg til meg”. Eller den burleske kjensla av å vere funskjonsfrisk og samstundes draume om å vinne stort i Paralympics: ”Mine motstandere så molefonkne ut. Ja, og så var det dette med at de var lamme og i smerter og sånt.”
Songanes far, Orfeus, og dei ulike historiane om denne greske figuren, utgjer det mytologiske perspektivet i Tore Stavlunds diktsyklus ”Orfeus – fem variasjoner”. Desse tekstane grip også ut til andre førebilde i den vestlege kulturarva, som i opningsdiktet, der ekkoet frå Johannes-prologen i Ny-testamentet (”i begynnelsen var ordet”) møter den greske antikken (”og ordet, Orfeus, var hva vi arvet”). Men blant meir eller mindre openbare intertekstuelle referansar finst også ven poesi – som i sluttdiktet ”Synkron”: ”lyset viste ansiktet – hun rakk frem hånden”.
Einkvar antologi må ha minst eitt novellebidrag. Og einkvar antologi må ha eit visst rom for det avstøtande. Anders Lunde er vårt alibi her. Når novella ”Skulpturen” opnar med følgjande setning: ”Det ligger et lik i fryseren min” – er stemninga satt. Ein mislukka kunstnar har satt seg føre å skape ein skulptur av ein død mannskropp. Når sjølve materialet kunstnaren bruker er av biologisk art, poengterer han forholdet mellom død og levande kunst. Historias ironi speler på nettopp dette.
God lesnad!
for redaksjonen i Jung.no,
Jon Olav Sørhaug.