og eg rundar hjørnet no

eg kan ikkje lenger sjå
andledet ditt
der, mellom stega

likevel
kjenner eg
solane mot pusten
som trekkjer innover
og forplantar tankane
strekkjer ut armane
og spelar
på eit nytt repertoar

det er kveld no
og eg rundar hjørnet snart
kjenner bølgjene
frå lyktestolpene
bakom augnelokk