vêrbiten

det finst ingen gud
seier du for visst,
ein ande som sveiper over graset
kviskrar fjelluft i øyret ditt
skal prova deg rett

du er skodda
som kvilar over åkrane

eg ser etter dei
kvar einaste dag