skogsbær

eg låg mellom trea
ein klase modne skogsbær
frå skrinlagte blad
inn i skaparverket skulle eg
høyra Anden fara over graset
vaska meg i dogga
spegla meg i straumdraga frå
kalde vatn
når eg kom til skogen din

bakom finst ikkje noko av deg
ein tanke i eit skrin
ein gud i nykelhòlet
eg visste ikkje at det var du
som gjorde lauva mjuke
slepte dei til elva
attmed meg

då eg vart fødd
planta du eit tre på botnen
og det vart klang