sølvlinjer

eg tel ned år av minuttar
franske, indiske, gøymde på vegen
godskrivne av forgjengelege
frå andre netter enn desse
med kvadrate skiver og sand mellom fingrane

eg omset dagar av augneblinkar
fortrukne, sveipte i sølvlinjer
og legg dei mellom ringane i vatnet