Jungel 2004 - Forord
jUNGel!
Publisert 28. juli 2004
Tida går og folk blir eldre. Eg blir eldre, Thomas Marco Blatt blir alle fall eldre (og håret lengre), og Johan Herland har for lengst gifta seg. Dette er sjølvsagt heilt naturlig.
Jung forlag starta opp i år 2000 blant anna fordi vi ville fokusere på dei unge skribentane. Vi ville gi dei plass, ein stad å boltre seg og vise seg fram. Noe av grunnen til dette var kanskje at vi redaktørane både var og er unge, alle fødd i 1980 eller 1979.
I løpet av desse fire åra har vi fått fleire forum å sleppe dei unge talenta til: Vi har Mineral, som er open for alle. Vi har nettmagasinet jung.no, der det skal vere vanskelig å passere nålauga. Vi har papirantologien Nordahl&eftf., der vi førebels kun har publisert inviterte bidragsytarar. Til sist finn vi debutantantologien Jungel, med plass til 4-6 ukjente forfattarspirer.
Her er noen svært unge talentar som har fått sluppe til på Jung forlags område:
- I 2001 debuterte Sandra Maria Akseth med dikt på Jungel, bare 17 år gamal. Det same gjorde Endre Ruset, 20 år gamal, og Annie Krog, 22 år gamal.
- I 2003 var Stig Beite Løken 20 år gamal då han fekk med dikt i Jungel. Martin Johannes Møller var 21 år gamal.
- Same året er Silje Bekeng bare 19 år gamal når ho debuterer på jung.no, som den yngste noensinne.
I Jungel 2004 har vi kun unge talenter: Silje Stavrum er 23 år, Sturle Kvilekval og Rune F. Hjemås er 22 år, mens Morten Langeland bare er 18 år.
Dette er faktisk heilt tilfeldig. Dere kan for eksempel gå inn på Jungel 2002, der gjennomsnittsalderen nesten er dobbelt så høg.
Men samtidig er det gledelig å kunne konkludere med at vi hittil har noenlunde klart å følge målet vårt: Om å finne fram til talent, gjerne dei unge, og få dei fram i lyset.
Stavrum, Kvilekval, Hjemås og Langeland er alle talent det er verdt å bruke tid på.
Beste helsing
Brynjulf Jung Tjønn
Forlagssjef