jung forlag

Jungel 2003 - Forord

Kor er alle jentene hen?

Publisert 31. juli 2003

Jung forlags debutantantologi skal prøve å vise mangfald, med hovudfokus på talent. At Jungel 2003 består av fire mannlige debutantar og kun ei kvinne, er kanskje eit signal som bør bli tatt på alvor.

Jung forlag mottek årlig omkring 100 manus på mail. Om det er fleire gutar som sender inn tekstar enn jenter, er vanskelig å seie. Trolig er det litt fleire gutar, men neppe mye. Kvifor er det då slik at jentene ofte kommer i undertal i slike antologiar?

Cappelens Signaler er ein antologi som har eksistert i mange år og som har opparbeid seg eit godt rykte. Her forhåndsdebuterer mange talent, som seinare kommer tilbake med eigne bøker. Dei siste åra har det også her vore ein trend at det er fleire mannlige debutantar enn kvinnelige.

Betyr dette at det er fleire gutar som skriv enn jenter? Kanskje ikkje.

Frå studentkullet 2001/02 ved Forfatterstudiet i Bø var det ein klar overvekt av jenter i forhold til gutar. Likevel: Framleis har ingen av jentene debutert med eiga bok, medan to av gutane har (Gaute Heivoll og Simon Stranger).

No er det vanskelig og kanskje noe søkt å trekke noen konklusjonar ut av desse linjene, men det er likevel grunn til å tenke over kor det blir av dei skrivande jentene.

Ein ting er i alle fall klart: Jung forlag ynskjer mange fleire manus frå jenter i framtida.

Elles er årets Jungel 2003 særs sprek, bare beståande av lyrikk. Fleire av bidragsytarane er veldig unge. Framtida ser bra ut.

Ha glede av tekstane,
beste helsing
Brynjulf Jung Tjønn
forlagssjef