Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

anmeldelse
18. desember 2007

Jon Olav Sørhaug, f. 1981, skribent, litteraturvitar og redaksjonsmedlem i Jung forlag.

Tidlaust og krevjande

Nils Chr. Moe-Repstad: I de brente restene av alt du har lovet meg
Dikt, 45 sider
Kolon Forlag, 2007


"Det begynner her" og "Dette er alt". Slik opnar og avsluttar Nils Chr. Moe-Repstad den nye diktsamlinga si. Sjølv om vi framleis ikkje har grunn til å tru at dette er dei siste orda frå Moe-Repstad si penn, er det verdt å merke seg at diktsamlinga er strukturert i ein så klar komposisjon. Eg ville nesten skrive system, eit poetisk system, som opnar så stille, så forsiktig, så "blindt og klart, / fortidig og profetisk, / som hvisking frå en slagmark". Og nettopp denne kviskringa frå fortida, røystene frå dei som levde og døydde, er det Moe-Repstad prøver å gjenskape gjennom dikta sine. Det borgar på sedvanleg vis for dikt som strekkjer seg mot ulike tider, kulturar og miljø. Og med eit konsentrert poetisk blikk, som plasserer seg rørleg mellom desse.


Eit rørleg blikk på det gamle
For konsentrert er vel eitt av dei mest dekkjande orda for Moe-Repstad sin poesi. I ei litterær samtid der ein ventar og forventar stadig lengre og meir ambisiøse prosjekt etter kvart som dei unge forfattarskapane skrid fram, klemmer Kristianspoeten permane i si femte diktsamling omkring 45 skrivne sideblad. Og sjeldan er dikta hans meir enn ei halv-side lange. No er det ikkje slik at det å vere kort er det same som å vere korttenkt eller snever. I Moe-Repstad sitt tilfelle er det snarare tvert imot. Slik han har gjort i dei tidlegare bøkene sine, hentar han også her sitt litterære landskap frå eit utal klassiske verk og gjenkjennbare topos; han titulerer dikt etter Ibsen, Rosseau, Novalis - og fleire. Mange av dikta hans har namn etter kjende kulturhistoriske byar; Bysants, Konstantinopel, Alexandria. Han reflekterer som Augustin over staten og Gud, som Shakespeare over urett og straff, og som sin kollega Steinar Opstad over kjetteriet og den profetiske skrifta. Men mellom alle oppslaga ein bokmeldar må gjere på Wikipedia og i støvete litteraturhistorier, mellom kryssreferansene, forfattarnamna og alt det andre som kan likne på noko ein før har høyrt - mellom alt dette er det noko gjenkjennbart (og eg ville nesten skrive kjært) over Moe-Repstad sine dikt. Han liknar også seg sjølv. Den måten han vender det inspirerte stoffet bort frå sitt opphav, og over i sine eigne paradoks, er gjenkjennbart og typisk for forfattaren. I diktet "Fønikeren" skriv han om den greskmytologiske figuren Terisias, som var blitt blind etter å sett Gudanes løyndomar. Også det poetisk subjektet i Moe-Repstad si skrift deler denne skjebnen:

Og med Tiresias deler jeg lyset
i fortid og framtid.
(...)
Myter og skrift,
alt som kan sees med ett øye.
(s.40)

Med det held Moe-Repstad fast ved den romantiske forståinga av at diktet er berar av eit lys, eller ei sanning - om enn mytisk fleirtydig i si framferd, og underlagt skrifta og den skriftlege overleveringa frå kultur til kultur, frå forfattar til forfattar og verk til verk. Der Teresias-figuren i Dantes mellomalderverk Divina Commedia var dømt for sitt framsyn til i æva å berre sjå fortida, balanserer Moe-Repstad sitt poetiske subjekt seg rørleg mellom desse to polane, ikkje berre som eit blikk, men som sjølve blikkets figur, ringen:

En sirkel av myter,
en blomsterkrans på havet.
(s.41)


Arkeologen og poeten
Kva er det så Moe-Repstad ser i desse dikta? Kva er det sjåaren vil dele med oss som les? På same måte som i tidlegare bøker, rettar mange av dikta hans seg mot verdas forgjengelegdom - og døden. Dødsmedvitet var kan hende meir personleg formulert og nærgåande i den førre boka hans, Undergangssanger, men også i denne samlinga er motivet uttalt til stades:

Jeg har kjent døden og funnet tida
og skal slutte å skrive.

For det ligger et lag av sot og blod
på hver mur, en stripe av lys
i hvert hull, i hver sprekk, i hvert dikt.
(s.8)

I døden tar handlinga slutt, poeten legg ned si penn, røystene stilnar. Men spora peiker framleis tilbake. Spora av "sot og blod på hver mur" vitnar ikkje med naudsyn om døden som skal gjere slutt på alt - men om liv, om levde menneskeliv, som strøymer gjennom dikta hans som "en stripe av lys". Det er då også ei antropomorfiserande haldning poeten inntar, ikkje berre i det formelle, men også i sjølve diktargjerninga. Dikta hans vitnar ikkje berre om kanoniserte heltar og uttolka verk - men om levande menneske, og dei avtrykka våre formødrer og forfedre sette. Dette kan vi også sjå i diktet "Konstantinopel":

Kullrester, namn,
lag av sot.
Dette er slektenes hukommelse.
Dette er byen
hvor blod følger blod.
(s.38)

At blod følgjer blod kan ein sjølvsagt tolke som historias uendelege slagmark, slik også opningsdiktet skulle tilseie. Men blod er også blodsband - overføringa av liv frå menneske til menneske, slekt til slekt. Og dette passar då også med forfattarens arbeid og om-arbeid med dei litterære og kulturhistoriske kjeldene han tidvis gir til kjenne. Historie følgjer historie, og kvar tid forstår og "les" den førre på si måte, slik også forfattaren les og forstår sine klassikarar. På denne måten blir også Moe-Repstad sin poetiske praksis ein levandegjerande arkeologi. Han grev i fortida, i mellomalderverk, historier, mytologiske personar, han gir dei liv, gir dei røyster. Parallellen til Tor Ulven sine "gravgaver" i diktet ovanfor er påfallande.


Brennofferet
Kullrestar og sot er ikkje tilfeldig utvalte motiv i diktutdraget ovanfor. Sot-sporet vitnar om at noko har brent, og nettopp brannen er eit svært sentralt motiv i denne samlinga. Berre tittelen på diktsamlinga skulle vitne om det. I det nest siste diktet i samlinga skriv forfattaren:

jeg synger om himmelen
og skriver om helvete,
og brenner som et helt bibliotek
(s.44)

Og i diktet som tittelen på samlinga er henta frå:

I de brente restene
av alt du har lovet meg,
i det høyeste og laveste
er døden utydelig som falne i en krig
(...)
og vi brenner alt
vi har lovet hverandre
(s.36)

Det å brenne er ikkje med naudsyn det same som å øydeleggje eller å umiddelbart gå til grunne. I Moe-Repstad sine dikt kan det sjå ut til at det å brenne assosierast med det å leve, det å ha ein (livs)gnist i seg, og så på same måte som lyset til sist brenne ned mot ein alderdom og død. I dikta ovanfor held forfattaren fram eit slikt paradoks mellom eld og skrift. Også skrifta, eller eit løfte formulert i skrift, skal brenne og forsvinne. I den semittiske kulturen var det å brenne også ei mytisk og transcenderande handling, anten som at Gud stadfesta si makt gjennom eld frå himmelen, eller at ein gir avkall på noko av sitt eige verdslege, for å brenne det for Gud. Røyken som stig opp mot himmelen vart ein måte å nærme seg skaparen av elden på. I mange av Moe-Repstad sine dikt speler han på slike typar bibelske konnotasjonar. I det påfølgjande diktet "Statsdannelser" er det nærmast det eit apokalyptisk motiv, eller det jødiske brennofferet, holocaust - og den kristne dogmen om Jesus som det siste dødsofferet for verdas skuld - som speler med:

To poler lys og mørke,
røyken fra de dødes hus
og Jesu åpne armer.
(s.37)


Krevjande dikt
No vil du kanskje seie at eg les for mykje historie inn i så få linjer - men det er også noko av utfordringa ved Moe-Repstad sine tekstar. Dei er så korte, så avgrensa og så fulle av store og små referansar, at tolkingane tidvis ligg nærmare tolken enn forfattaren. Dette kan tidvis verke spennande, og tidvis verke ekskluderande for ein som ønskjer å kome Moe-Repstad sin poesi i møte. Når forfattaren skriv at "Det politiske finner vi / i asken frå en lovfestet myte", må eg innrømme at eg som lesar ikkje held mål. Eg anar rett og slett ikkje kva han snakkar om, kva politikk, lovgiving og myter gjeld. Sjølv om dette med å stable meir eller mindre openbart brukte motiv på kvarandre, og danne paradoks ut av dei, er noko av den medvite stilen hos denne forfattaren, let eg meg likevel freiste til å tenkje at målgruppa for diktsamlinga kunne vore større. Kanskje viss det imellom desse tunge, korte dikta hadde vore nokre enkle, forklarande passasjer, noko meir narrasjon - noko meir forklaring. Ein stad kjem også eg - som har lest desse 45 sideblada ein ti-tolv gongar no - til kort.



Publisert 18.12.07
Tekst: Jon Olav Sørhaug
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 18. desember 2007.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen