Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

enakter
15. juni 2007

Jon Fosse, f. 1959, har gitt ut meir enn 40 bøker, i alle sjangrar, sidan han debuterte som forfattar i 1983, og han er i dag ein av Europas meste spelte samtidsdramatikarar. Siste utgjevnad: "Rambuku / Skuggar", drama, 2007.

Der borte



Personar

MANNEN
KVINNA




Lyset sakte opp

MANNEN
står og ser mot noko langt borte
Ser du
kort pause
men sjå
sjå der borte
pause
ser du ingenting
pause
er det ingenting å sjå
der
der borte
ser du ikkje
svar meg

KVINNA
Ja

MANNEN
Der
der borte

KVINNA
Nei eg ser vel ikkje noko
ganske kort pause
ikkje noko uvanleg
ganske kort pause
eg ser
ganske kort pause
eg ser vel berre det som alltid har vore der
ganske kort pause
eg ser
ganske kort pause
eg ser åsen
ganske kort pause
og bak åsen ser eg fjellet
ganske kort pause
og over fjellet
ja der ser eg himmelen

MANNEN
Ja

KVINNA
held fram
og eg ser at himmelen
ja den er som før
ja som den gjerne er
ganske kort pause
ikkje blå
men grå og grå
ja
ja det er det eg ser
og

ganske kort pause
ja

MANNEN
Du ser ikkje noko anna

KVINNA
Nei
kort pause
jo
ganske kort pause
jo eg ser
ganske kort pause
eg ser
ja
ja der borte i åsen
ja der er jo det våningshuset
ja som alltid har vore der
og den gamle løa
ja den er der jo òg

MANNEN
Ikkje anna

KVINNA
Men kva er det du meiner

MANNEN
Nei
Pause. Mannen snur seg og ser mot Kvinna

KVINNA
Nei det var ikkje noko

MANNEN
Nei kanskje ikkje

KVINNA
Berre noko du tenkte
Pause
Men såg du noko

MANNEN
Nei det var vel ikkje noko

KVINNA
Men såg du noko

MANNEN
Ikkje noko å snakke opp

KVINNA
Men kva var det

MANNEN
Berre gløym det
Pause

KVINNA
Du såg altså noko

MANNEN
Ja
Pause

KVINNA
Men du vil ikkje seie kva det var

MANNEN
Det er ikkje noko å snakke om

KVINNA
Ikkje viss eg ikkje såg det

MANNEN
Nei

KVINNA
For då var det berre du som såg det

MANNEN
Ja

KVINNA
Og då finst det ikkje

MANNEN
Ja det er vel slik
Pause

KVINNA
Skal vi gå vidare

MANNEN
Ja
Mannen blir ståande som før. Pause

KVINNA
Har du ikkje lyst til å gå lengre

MANNEN
Jo
ganske kort pause
jo sjølvsagt
kort pause

KVINNA
Men du treng ikkje
ganske kort pause
viss du ikkje vil
treng vi ikkje å gå lengre
ganske kort pause
det er heilt i orden
det
sjølvsagt
ganske kort pause
det har vore ein fin tur
ja så langt
Kort pause

MANNEN
Jo
sjølvsagt skal vi gå lengre
Kort pause

KVINNA
Men vi treng ikkje å gå heilt opp på fjellet
ganske kort pause
ikkje viss du ikkje vil

MANNEN
Eg seier jo at eg vil

KVINNA
Ja
Kort pause
Men likevel

MANNEN
Vi går

KVINNA
Om du vil
ganske kort pause
ja så gjer vi det

MANNEN
Eg vil
Han blir ståande. Lang pause

KVINNA
Men du
ja
ganske kort pause
ja kva var det du såg

MANNEN
Ikkje spør om det

KVINNA
Unnskyld
Kort pause
Ja berre sidan eg ikkje såg det
ganske kort pause
ja
ja meiner eg

MANNEN
Det var sikkert ikkje noko

KVINNA
Berre noko du innbilte deg

MANNEN
Sikkert

KVINNA
Kanskje
ganske kort pause
ja eg såg i alle fall ingenting
Pause

MANNEN
Skal vi setje oss ned litt

KVINNA
Kan vi godt
Mannen og Kvinna set seg ned
Er du trøytt

MANNEN
Nei

KVINNA
Men det er godt å kvile seg litt

MANNEN
Ja

KVINNA
Vi har jo gått ganske lenge

MANNEN
Ikkje så veldig

KVINNA
Nei
ganske kort pause
nei men eit godt stykke

MANNEN
Ja
Lang pause. Mannen snur seg og ser og så reiser han seg opp, blir igjen ståande og sjå. Pause

KVINNA
Ser du noko
Pause
Skal eg finne fram noko å ete
ganske kort pause
noko å drikke
kanskje
Pause
Vêret er ikkje så aller verst
ganske kort pause
i alle fall regner det ikkje
ganske kort pause
då er det jo ikkje så kjekt å gå
og ikkje når sola steikjer
heller
kort pause
det er eit fint vêr når ein skal gå
kort pause
det kunne nesten ikkje ha vore betre
ganske kort pause
nei
ganske kort pause
og så kjekt at vi endeleg kom oss ut
på denne turen
ganske kort pause
vi har jo snakka så lenge om det
ganske kort pause
ja om at vi skulle gå til det fjellet
ganske kort pause
eg veit ikkje eingong kva det heiter
eg
ganske kort pause
og det gjer vel ikkje du heller
kort pause
nei
nei du gjer nok ikkje det
ganske kort pause
og så langt
har det vore ein fin tur
ganske kort pause
ikkje sant
ganske kort pause
i alle fall synest no eg det
ganske kort pause
og det var veldig kjekt at vi begge
endeleg fann tid til det
ganske kort pause
kanskje skal vi gå litt lengre
ja før vi tar oss noko å drikke
ganske kort pause
før vi finn oss litt mat
ganske kort pause
ja vi får vel gjere det
ganske kort pause
men det var no godt å få setje seg ned litt òg
ganske kort pause
få kvile seg litt
ganske kort pause
eg merker det på beina
eg
ja at vi har gått eit stykke
ganske kort pause
gjer ikkje du òg
ganske kort pause
kjenner du det òg
Mannen går litt framover
Så det var godt å få setje seg ned litt
Få kvile seg litt
Mannen held fram med å gå framover
Du vil ikkje sitje litt til
kvile litt til
ja
ganske kort pause
ja vi har eit langt strekke framfor oss
ganske kort pause
det er langt å skulle gå heilt opp
til toppen av fjellet
ganske kort pause
det ser ganske langt ut
ganske kort pause
men vi har jo dagen for oss
ganske kort pause
og godt er det
Kvinna reiser seg opp og står og ser mot Mannen
du vil ikkje kvile lenger
vi kan godt gå med det same
ja
ja sjølvsagt
Mannen held fram med å gå framover
Eg kjem
eg
Mannen stansar og blir ståande og sjå
Kva er det du ser på
Kva er det du ser

MANNEN
Men ser du ikkje

KVINNA
ser
Nei

MANNEN
Ser du ikkje at det lyser
ganske kort pause
ja der framme

KVINNA
Nei

MANNEN
peiker
der frå over fjellet
ganske kort pause
og nedover fjellet
ganske kort pause
og så hit

KVINNA
Nei
ganske kort pause
nei eg ser ingenting

MANNEN
Det sterke lyset

KVINNA
Nei
nei ingenting
eg ser ingenting

MANNEN
Du ser ikkje det veldig sterke lyset

KVINNA
Nei
Lyset byrjar å gå ned

MANNEN
Og du ser ikkje at det er som
ja skimrande rom
i lyset

KVINNA
Nei

MANNEN
Og at lyset er som
bryt seg av. Mannen går ustøtt framover og Kvinna går etter han

KVINNA
Eg ser ingenting
Vent
vent på meg
eg kjem
Mannen går ut og ein høyrer at han fell saman. Kvinna skundar seg ut etter han. Lyset heilt ned



Publisert 15.06.2007
Tekst: Jon Fosse
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 15. juni 2007.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen