Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

dikt
14. mars 2007

Hilde Myklebust, f. 1979, fra Syltedalen på Sunnmøre. Hun har vært elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og studert litteratur og teater ved Universitetet i Bergen. Ga ut diktsamlingen "Berre dagar seinare" på Samlaget i 2005. For tiden driver hun et småbruk på hjemstedet.

3 dikt



(drift)


Ein kveld
tok vi båten
og la ut i skodda
Vi sparka langsamt ifrå
og let oss drive
utover vassflata

All låt var taus
alt synleg gøymt
Det einaste høyrlege
var røystene våre
Klanglause og kviskrande
strauk dei fram
og attende mellom oss
slik stormsvalene flyg
inn og ut frå land
når natta kjem

Vi skapte oss om
til nokon frå ei anna tid
der dette var alt
vi kunne gje oss lov til

Morgondråpar losna
og fall over oss
Skodda letta
Vi låg enno
tett ved land



(mogn)


Ei jente med kvitt hår
ber store spann over markane
Ho leier ei mørkare rås av spor
gjennom doggraset

Dyra trekkjer langsamt mot fjøsen
med jura fulle av varm mjølk

Det er ho som er mor
utan å vite det enno
Ho som er eit mjukt hus
kring ei kjerne av mogn

Ein gul stråle siv
ut gjennom døra
Ho går inn og fell
saman med lyset



(sår)


Det seiest alle dyr skyr lyset når dei pinest
Ein halt og forkomen hund vil søkje mørkret
mellom trestammane i ein stor og tett skog
eller åle seg inn under ein kvelvd stein
Dyr kan ikkje gråte og ikkje har dei hender
til å hjelpe seg med om noko skulle gå gale
Dei kjenner berre den opprivne foten banke
og med ei lyseraud tunge sleikjer dei såret
så lenge at det tek til å vekse



Publisert 14.03.2007
Tekst: Hilde Myklebust
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 14. mars 2007.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen