Torunn Torgersrud Haug (f. 1955), bor på Hamar. Hun debuterer her på Jung med 6 dikt.
6 dikt
Berre ytterveggar så langt auga ser
Det kan vere du sjølv som frys
motivet i dei tomme gatene
lener nakne skuldre
mot ei murflate i svart kvitt
Skrapelyden kjem
frå tynne sålar mot brustein
raude håndkolorerte sko vaklar
Eit spinkelt stativ
skal balansere og vinkle vidt
Desse blåe kasta til sides
under tungt pannehår, ei evig zooming
etter ein modell i kjøtt og blod
Denne uroa i lysopningen
før sola begynner å ta
* * *
Du tenkjer plutseleg på Picasso
Forvridd og fragmentert
på eit skrukka laken
bringa ligg fastklemt og brysta
og føtene strir mot all natur
Leppene er ikkje eingong strekar
Følgje ein finhåra pensel
i lette strøk over netthinna
Det er berre innsida
det er berre varmen i pigmenta
som kan teikne deg konturar
og pusle deg på plass
i eit leveleg passepartout
*
* * *
Ho ligg inne på kalenderen
Det er dagar ho arbeider på store lerret. Menneskekroppar får farge og
flyt, sterke lemmar strekkjer seg og når fram. Ho har sin eigen
målestokk. Tek djupe magedrag. Slikt går det an å lære. Store rørsler
sprengjer ramma. Det er inga forestilling. Det er ei verd innafor
veggen, romma er ikkje tomme, dei opnar seg. Morgonen etter slår ho på
ring. Du kan høyre ei knastring over grusen og eit kor som mumlar. Det
går regler over leppene. Hand i hand. Ho snur seg heilt rundt og
byrjar ellemelle livet
* * *
Å vakne er eit durativt verb
Det kan handle om avstand
Det er mange stadier ned til bakken
og mange grunnar til berre å sveve
Ei samtale kan likne ein sang
Du har visst det lenge
Ein morgon har mange strofer
og du går etter dei opne lydane
Du går etter lyse akvarellar
der du prøver med tåa først
Du vil at fargane skal flyte
Du vil sjå ringar utover stille vatn
* * *
I draumen grev ho ned eit skrin ved føtene
Halvt oppreist med ei pute i ryggen. Føtene rett fram og armane langs
sida. Feberen får fare rundt og ta krafta bort frå viljestyrte
musklar. Det er greit. Dagen er lang og veggane oppussa. Det blei for
mye. Det sette seg i bringa. Men nå har ho skjønt det og hosten roar
seg. Det første kvite lerretet heng på veggen til venstre. Ho må ha
begynt å tenkje medsols. Ramma er varmbrun og tonen tydeleg. Ho snur
på hodet, blir sittande slik og sjå på det lenge. Ho kjenner kontakten
og lener seg tilbake på null.
* * *
Installasjon
Det er ikkje regn i lufta
Det er små partiklar som svever
Det er ikkje kaos, om du går nærare
ser du eit system, metallspon mjuknar
hektar seg i hop og trekkjer til sides, blir runde
veggar kring opne gangar innover i rommet
Du kan smette inn og puste undervegs
Du kan komme ut att på andre sida
til store flater og overlys
Publisert 12.01.2007
Tekst: Torunn Torgersrud Haug
Godkjent: Jung forlag DA
Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 14. januar 2007.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen
