Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

anmeldelse
14. desember 2006

Jon Olav Sørhaug, f. 1981, skribent og litteraturvitar.

Frå stilla ein musikk

Karl Seglem: Stilla er ein åker. Femti dikt og nokre songar
Dikt, 69 sider
Det Norske Samlaget, 2006


Karl Seglem (f.1961) har gjennom dei siste tjua åra markert seg som ein av Noregs fremste jazzmusikarar, med koplinga folkemusikk og jazz som spesialfelt. Dei siste åra har han også hatt eit musikalsk-poetisk samarbeid med den norske forfattaren Jon Fosse, og kanskje er det dette samarbeidet som har ført til at han no har samla ein del gamle og nye tekstar i ein eigen litterær utgjevnad hos Det Norske Samlaget. På mange måtar er det musikalske utgangspunktet for Seglem også tonegivande i den litterære debuten hans. I intervju med ABCStartsiden.no oppsummerer han sjølv boka si på følgjande måte: "Poesi som kling og kan opna opp noko i den som lyttar, les". Til poesien må ein som lesar ofte lytte; rytmen og lyden av dei einskilde orda, og orda i sammanheng med kvarandre, er den moderne lyrikkens mest dominante grep. I Seglems poesi kjem dette til uttrykk både ved rytmesterke, lengre songar, og gjennom korte, lydmalande dikt, som ofte består av berre nokre få ord som gjentek seg etter kvarandre. Eit møte med desse dikta forpliktar lesaren til å lytte etter lyden av orda, og gjennom eigen assosiasjon bringe fram eit samband mellom orda og den litterære og geografiske konteksten dikta dannar. I så måte kan Seglems poesi også liknast med det naturlandskapet dei tar sitt utgangspunkt i. Dikta er spirande frø, som lesaren må gi både vatn, sollys og tid, for at dei skal vekse til fullmodne aks. Men mot denne prosessuelle naturrytmen forsøker Seglem også å stille opp voksterens absolutte motsetnad og nullpunkt; stilla. Tittelen på boka illustrerer godt korleis forfattaren tenkjer seg eit samband mellom desse to motsette rørslene: Når stilla er ein åker. I denne omtalen skal vi forsøke å sjå korleis slike tilsynelatande motsetnader kan stå i eit potent og meiningsskapande språkspel med kvarandre.

Konsentrasjonslyrikk
Karl Seglem: Stilla er ein åker. Femti dikt og nokre songar
Karl Seglem:
Stilla er ein åker.
Femti dikt og nokre songar
For einkvar som ønskjer å bli ein skolert lyrikklesar, er Atle Kittang og Asbjørn Aarseths Lyriske strukturer frå 1968 ein slitesterk klassikar ein vanskeleg kan kome utom. I eitt av bokas kapittel forsøker forfattarane å skissere to motsette tendensar i den moderne lyrikken - som i aller høgste grad framleis er verksamme. På den eine sida har vi dikt som strukturerer seg i lange, ordtette transportetappar; dikt som stundom kan minne meir om prosa enn tradisjonell lyrikk. Dette kallar Kittang og Aarseth ekspansjonsdikting - og anno 2006 kan vi til dømes sjå denne tendensen mellom anna i den norskchilenske forfattaren Pedro Carmona-Alvarez' forfattarskap. Men det finst også ein lyrisk tendens som rettar seg mot det minimale, og som nettopp ved å gjere dikta så korte og konsise som overhovudet mogeleg dannar rom for overskot av meining. Slik poesi blir kalla konsentrasjonslyrikk, og kan ifølgje Kittang og Aarseth lesast like godt baklengs som forlengs. Om vi ser nærmare på eitt av Seglems dikt, ser vi at han plasserer seg tydeleg i denne siste tradisjonen:

        fossil

        linje
        frå der

        til neste punkt
        punkt til punkt
        til neste punkt

        frå der
        linje

        hit        (s.68)

Gjennom ni korte verselinjer rissar diktet opp ei linje frå fortida (motivisert ved fossilet) og til notida (hit). Det einaste som skil dette diktet frå å vere ein komplett kiasme, er det første og det siste ordet i diktet. Elles kan det lesast like godt begge veger; det speglar seg på midten. Her finst ingen "overflødige" ord eller anna "fyllstoff"; diktet er akkurat så knapt og konsist at det demonstrerer den underliggjande tematikken; eit kjøleg formulert samband mellom det levande og notidige, og det døde og forbigåtte. Kva eller kven dette fossilet skulle tenkje seg å vere, eller kor "hit" er - det blir opp til lesaren å fylle med meining. Diktet påpeiker, ganske enkelt, denne linja, som blir gjendanna både i den meininga orda dannar ("linje / frå der / til neste punkt") og i diktets formelle syntaks, der linjene bokstavleg talt viser til kvarandre. Det kan på denne måten sjå ut til at Seglem tenkjer seg eit samspel mellom det gamle og det nye, og det er eit spor vi skal følgje vidare i fleire av forfattarens tekstar. I andre dikt blir samspelet mellom fortida og notida, det levande og det døde, meir konkret iscenesett. Til dømes kan vi sjå korleis både eit tomt ark og den naturen som omgir diktaren har det til felles at dei "gøymer" noko levande og aktivt i det som tilsynelatande kan sjå dødt ut:

        løfta pensel av metall
        frasere blindt på blankt lerret

        rytmen, rytmen frå den islagde elva
        gøymer alltid eit kjeldesus av vår

        lag på lag
        i bildet
        når hausten slepper

        regnet ned
        regnet ned
        kulden opp

        snø        (s. 20)

Eit blankt lerret kan som kjent vere utgangspunktet (for ikkje å seie føresetnaden) for eit vakkert bilde. På same måten er det ei uforløyst kraft av vår og sommar i den islagde elva. Det døde og det levande står i eit aktivt samspel med kvarandre, i ein felles rytme. Det blir opp til musikaren, kunstnaren - eller mennesket - å sjå desse samanhengane, denne linja som strekker seg ut i tid; frå bildekunstnarens første riss på eit blankt lerret, eller frå hausten og vinterens gjentakande ferd mot vår og sommar. Nettopp denne overgangen er det Seglem forsøker å gjenskape eller halde fast ved i dikta sine; anten den har med skaping av kunst og musikk å gjere - eller med årstidene og naturens stadige vekslingar.

Naturen omdanna til ny musikk
Det kan sjå ut til at Seglem i stor grad henter motiva sine frå heimtraktene i Årdalen; elvelaup, regn, skogar, fabrikkar og fjordar er gjennomgåande element i heile samlinga - og den skriv seg inn i ein stolt nynorsk lyrikktradisjon, der vi kan kjenne att motiv frå andre vestlandsforfattarar - som nemnte Jon Fosse, eller ein meir utprega naturlyrikar som Kjartan Hatløy. Også i omgangen med desse geografiske motiva er ordvalet kort og nøkternt, og dei set ofte i gong ei kunstnerisk forløysing - som i dette diktet:

        fjorden

        med vind og regn
        opna fjell, klatra himlar

        la lyd fløyma
        or det gamle

        bli formasjon        (s.10)

Her kan vi sjå korleis naturen som omgir diktaren gjer impulsar til ein musikk, ein komposisjon, ein "lyd" som fløymer ut av fjorden, fjella, himmelen. Kanskje kan vi gjennom å lese dette diktet også forstå musikaren Seglem sin motivasjon for å pare den "gamle" folkemusikken, med meir moderne jazzmusikk. I dette tilfellet blir dei "gamle" naturelemnta brote og omdanna til noko nytt, ein "formasjon" som like godt som ein topografi kan tenkjast som eit bilde, ein song, eller som eit dikt. Det ser også ut til at Seglem plasserer mennesket som verande ein stad mellom den opphavlege naturen og kulturen som spring ut av han. Det kan vi til dømes sjå i dette utdraget:

        to kvite sommarfuglar dansar utom glaset
        sol og sol i det grøne spirande

        kjenna motstand, ta presise val
        vera i eit skilje        (s.16)

Sjølv om den reflekterande og sansande betraktaren står innom vindauget og ser ut på det som føregår i naturen utanfor, er han også ein del av det; på eitt vis skild frå naturen, men også i den avslutninga verande i "eit skilje" mellom innanfor og utanfor. Diktaren er del av den verda han sansar, men også medvite om at denne verda nettopp kjem fram i og gjennom diktinga. Diktinga dannar noko nytt ut av det gamle, det er eit spel mellom utgangspunkt og forandring, mellom å vere og å bli, som av Seglem også identifiserast som eit grunnleggjande trekk ved det å vere menneske. Ein annan stad illustrerer han denne stadige nyskapinga som ein

        song om det å vakna
        kjenne denne rørsla
        song om det å vita
        kjenna kva ein er

        i det ein ein gong blir        (s.25)

Lyden av éi klappande hand
Ei av Zen-buddhismens mest kjende meditasjonsøvingar er å forsøke å lytte til lyden av éi klappande hand. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg til to hender som klappar saman - men kan ein lytte til éi hand som klappar? Ein slik ikkje-rasjonell tankegang forpurrar den tilvente definisjonen var har av lyd. Kan ein tenkje seg ein musikk som ikkje gir lyd, eller eit dikt som ikkje let seg lese? I Karl Seglems lyrikksamling blir også slike spørsmål reist. I fleire dikt har vi å gjere med ei motsett rørsle av det nemnte sambandet frå natur til kultur. Rett nok, vi kan vel eigentleg ikkje kalle det ei rørsle, men snarare ei stadfesting av ei togn, eller ein stillstand - som mange av Seglems dikt rettar seg mot:

        innimellom ikkje tenka
        ikkje handla

        vera stillstand
        (...)        (s.49)

Mot den voksteren og omvandlinga som føregår i naturen og og mot den lyden og støyen som musikken (og diktet) de facto er, forsøker Seglem i nokon av dikta å iscensetje ei fasthalding av det bestandige. I somme tekstar kan dette vere formulert som ein tendens til å prioriterere den gjentakande lyden på bekostning av ordets forandlerlege meining - til dømes i "song for to", der regleorda "sulla lulla sulla lulla lei / sulla lulla lulla lulla lei" (s.65) blir repeterert til det nærmast uuthaldelege. I andre dikt er det augeblinken rett før forløysinga, som blir iscenesett: "tikkande fonn / det tagna brølet i bre" (s.8). Medan det i somme dikt er naturrørslene som set eit vedvarande avtrykk i det mennesklige medvitet:

        om haustane skrall det ofte
        frå steinskredene
        dei fekk meg til å kjenna betre etter
        hald fast
        hald no berre fast
        vara skreda        (s.57)

Men kan ein halde fast? Er ein ikkje også som menneske del av tidas rytme, av det omskiftelege, forgjengelege? Sjølv om Seglem i eitt av dikta sine seier "hald no kjeft / tig / / lytt" (s.40) - og i eit anna: "komma i hug / komma i hug å teia" (s.18), så ser det ikkje ut til at han tenkjer seg verken stilla eller togna som ein motsetnad til det omskiftelege. I det siterte diktet frå side 49 heiter det vidare at denne stillstanden han ønskjer å mane fram "opnar nye rørlser / ein må gjera". Frå togna veks det fram eit språk; frå stilla ein musikk. Og enno meir konkret formulert i dette diktet:

        døden losar oss
        mot klårleik

        alt forfell
        medan me kakkar
        og kakkar

        meislar fovandling
        larm og forvrenging
        støv og forandring        (s.17)

Det å skape noko, det vere seg musikk eller lyrikk, er nettopp å ikkje halde fast, men derimot å bli ein del av skredet, å la den foranderlege verda bli "meisla" inn i toner eller skrift. Sjølv om eit dikt eller ein song er aldri så mykje eit fast og ferdig skrive verk, så er det eit verk som kallar på framføring. Lesaren må lese diktet, musikaren tolke songen. Om vi derimot forstår stilla som ein føresetnad eller eit utgangspunkt for lyden, arket for skrifta eller notene, så blir desse tilsynelatande motsetnadene forståelege. Metaforen i titteldiktet speler også på dette:

        stilla er ein åker
        me kan pløya med vår pust
        mold og frø
        vind og vatn

        så

        ana den kraft dråpen gjev
        hausta som fortent        (s.45)

I Karl Seglems dikt er ikkje stilla er ein tilstand der ein er uvirksam eller død, men eit utgangspunkt for kunstnerisk verksemdt. På same måten som naturen blir broten over i kultur når poeten let seg inspirere, blir også lyden framkalt på bakgrunn av stilla. Nettopp det brotet som finn stad mellom togna og talen er diktet og musikkens utgangspunkt. I nokre av dikta kan dette brotet kome til uttrykk gjennom litt for bråe skift. Eg kunne til tider ønskje meg at Seglem nytta litt fleire ord for å motivere desse skifta. Til dømes står ordet "så" i diktet ovanfor veldig åleine. Rett nok kan ein tenkje seg ein ambivelens mellom verbet å så og adverbet så, men i samband med den påfølgjande versegruppa synast eg plasseringa av ordet bryt opp den musikalske rytmen som elles kjenneteiknar diktet. Debutsamlinga ber også noko preg av vere for sprikande og laust samansett - eg kunne tenkje meg ein meir kritisk gjennomgang av komposisjonen som heilskap. At nokre av dikta står nedst på ei side medan dei fleste er prenta frå toppen og ned verker også noko tilfeldig. Og i likskap med dei innvendingane som har vorte framførte frå andre kritikarar meiner eg også at samlinga hadde stått seg betre utan dei songtekstene forfattaren har tatt med. I så måte kunne undertittelen på samlinga vore stroke utan at det musikalske aspektet ved ho hadde vorte nemneverdig rokka. Men når Seglem illustrerer det å skape kunst som ein pløyer opp ein (brakk?) åker med pusten, er det både eit vellukka og levande bilde - og slike finst det mange av i denne samlinga. I aller høgste grad er Seglems dikt songar om å leve, om å skape - og om å forvalte omgjevnadene slik at ein ikkje berre tar vare på den arva ein har fått, men også fører ho vidare i ny skapnad.



Publisert 14.12.06
Tekst: Jon Olav Sørhaug
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 14. desember 2006.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen