Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

intervju
29. september 2006

Ronny Spaans (f. 1976), doktorstipendiat ved Universitetet i Oslo. Skribent i Dag og Tid og poet. Redaktør for "Emil Boysen: Europeisk Poesi" (Vidarforlaget, 2006).

Åsmund Bjørnstad

Grøne historiar

Poeten Åsmund Bjørnstad avslører at han er misunneleg på svenskane.


Åsmund Bjørnstad (f. 1951) debuterte med diktsamlinga Innlandskap i 1994. Sidan har han gjeve ut eit titals bøker og diktsamlingar. I år er han aktuell med diktboka Gras på Det norske Samlaget. Han er til dagleg professor i planteforedling ved Det miljø- og biovitskaplege universitetet i Ås. Jung.no vart interessert i dikta til Bjørnstad, men lurte samtidig på kva som fekk poeten til å vie ei heil diktsamling til strå og gras. Kjem det av miljøskader frå Universitetet i Ås, eller kan gras forsvarast som eit sjølvstendig tema i kunst og poesi? Nedanfor publiserer vi samtidig tre dikt frå Gras.

ÅB - Åsmund Bjørnstad
RS - Ronny Spaans

RS: Framsida viser ein støvel med gras i. Det er vel ikkje ei typisk framside på ei diktsamling? Og kvifor velja noko så uvant som gras som tema for ei diktsamling?

ÅB: Støvelen var utformaren sitt påfunn og eg synest det var friskt og godt. Sjølv hadde eg ein bunke teikningar som Anne-Lise Knoph hadde gjort til boka, men dei ville ikkje forlaget ha med. Dei tykte uttrykket hennar var for gamalmodig eller liknande. Eg skulle gjerne hatt framside av henne, men er nøgd med støvelen ňg. Kvifor gras? Vel, dei berre kom som 'Historier om gras' for om lag fire år sidan og sidan har dei vakse.

RS: Dikta dine kan kallast "nynorsk naturlyrikk", men likevel bryt dei fullstendig med kva vi forventar oss av "nynorsk naturlyrikk". Dikta dine liknar ikkje på dikta til Olav Aukrust, Tarjei Vesaas eller O. H. Hauge. Har det noko med din definisjon av det poetiske å gjera? Og med våre forventningar om kva lyrikk skal vera?

ÅB: Det er vel sant at det er  'naturlyrikk', men det er like mykje 'kulturlyrikk'. Poenget er vel at eg ikkje trur særleg på dette skiljet,  dei er gjensidig avhengige og utformar kvarandre. Poenget er vel at kvart dikt fortel ei historie, somme lange, somme korte. Dei er episke dikt alle som eitt.

RS: Dikta dine vitnar om eksperiment og sjangeroverskriding. Du nyttar både biologisk terminologi, til dømes DNA til planter, og klassiske lyrikkformer, som salmar, bøner, songar og elegiar, kvifor? Blir det ikkje ein for urein poesi av dette? Kan ikkje poesien forsvinne ved bruk av for mykje biologiske fagord og -uttrykk?

ÅB: Til det siste er det ein opplagd fare, men eg er ikkje viss på om faren er større enn for mange som har forlese seg på til dømes litteraturteori som mange konsulentar, meldarar etc, tek for gjeve. Faren er i båe fall at dikta vert private i den tydinga at dei føreset visse kunnskapar som lesarar flest ikkje har. Skilnaden ligg i ordparet 'om' / ' som'.  Dikt 'om' noko vert fort keisame, legg ut om dette eller hitt. Dikt 'som' gras, 'som' havet, 'som' eit eg gjer derimot lesaren delaktig i fenomenet og berre dei kan ha den lykka å rive han/ho med. Om boka lykkast i dette, trur eg ærleg talt vil veksle med lesaren, og eg har medvite lagt opp ei stor spennvidde frå det heilt føresetnadsfrie i eit dikt som 'Ris', der du vil ha fordel av å vite kva DNA er for noko. Om det 'for ureine': Det får andre svare på - det har vel med at eg brukar sonetteforma veldig fritt, har tydeleg strofeinndeling utan rim. Det er ofte forventa at slike former SKAL svare til forventingane om takt og rim. Men eg synest dei er meir elastiske enn som så.

RS: Aftenposten lyrikkmeldar, Mariann Enge, reagerte på ordvalet ditt. Utdrag frå meldinga: "mystiske ord som "jortande", "nov", "kve", "dogglabb","senna", "smyle", "råme", "spjerr", "landnåm" og "gjøner". Er det sjeldne ord du har funne i Aasens ordbok og bruker for å forvirre lesaren!?

ÅB: Det er mangt å seie om denne ordlista hennar. Kunne ikkje ein meldar ha ei ordbok, om så var, eller er det på vegne av andre lesarar? Somme, som 'landnåm' (av Island eller Irak) og (å) 'gjøne' (med) er standard bokmålsord. Berre eitt ord er ein metafor, nemleg 'dogglabb', i diktet 'Tun på gamle foto', der 'graset kvar dagning står dogglabb'. Det syner til grastuver doggvåte som ein litt lufsete hundelabb. Dernest så har eg ingenting imot eldre ord om dei er dei mest presise. Ordet 'jortande' er betre enn 'drøvtyggande', enklare og meir kroppsleg oppgulpande, og det er ei vinning å hente det fram att, for den som tydelegvis er ukjend med det. Ordet 'råme' (vassinhaldet i jorda) er del av eit dikt som tematiserer slike gløymde, men tiltrengde ord. Kan ikkje også dette vere mellom dei tinga poesien skal overraske med?

RS: Du har sagt at nynorsk er eit framifrå instrument til å gje att poesien til engelske diktarar som Dylan Thomas, kvifor? Og korleis er det då med det tyske språket og den dårlege evna nynorsken har til å laga abstrakte substantiv? Her er vel bokmålet i ein betre posisjon? Kva er røynslene dine her, om du jamfører gjendiktingane dine av engelsk lyrikk med tolkingane dine av tysk poesi?

ÅB: Eg trur det lydlege i den keltiske tradisjonen let det tilsvarande i nynorsken kome til sin rett. Vedrørande tysken gjeld det ikkje berre substantiva, an-be-het-else-orda, men og det verbale former som passiv og konjunktiv. Når eg gjendiktar Rilke, hadde riksmålet sine rikare tilgangar vore gode å ha. Særleg konjunktiva ligg litt for langt attende til landsmålet. Eg misunner svensken som har både den urnordiske ord-rota og dei tyske abstraksjonane!

RS: Kven er dei litterære førebileta dine?

ÅB: 'Førebilete' er vel sterke ord, ein les ein poet til ei tid, så ein annan - men eg trur ikkje eg hadde debutert utan å ha lese mykje av Denise Levertov (1923-96). Ho var fødd engelsk, som halvt walisisk, halvt kviterussisk jøde, men frå ho var 25 år budde og verka ho i USA og er rekna som amerikansk. Det er noko ved dikta hennar som set meg på sporet att, og det treng eg ofte.

RS: Det har vore debatt i det siste om samtidspoesien, om innkjøpsordning, snobbisme hos kritikarar og forlagsfolk. Har du nokon tankar om det? Dikta dine inneheld jo heterogenitet, sjangerblanding, forteljing og ordrikdom - kjenneteikn på at noko nytt er i emning, altså bort frå minimalismen.

ÅB: Eg er samd med deg i at den etablerte lyrikken er fiksert på 'det nye' i ei tyding som går på tomgang. Særleg gjeld det denne amerikanske 'language'-retninga som får mykje interesse og som for augneblinken skyggjer for andre poetiske retningar. 'Make it new!' tyder 'vekk det opp!', lat det som dormar i tinga tre fram frå gløymsla - og lit på AT det er der og at orda har DEL i det ('som' !). Men det er ei utfordring for alle poetar, uavhengig av sjangertilknyting, anten forma er 'bunden' eller 'fri'. Ein 'orfisk' diktar som Rilke skriv utifrå den nye teknologien for 80-100 år sidan - godt attgjeve av Bjerke:

    'O det nye er jo ikke, venner
    at vår hånd blir overflødiggjort
    av maskiner. Overgang forblender.
    Ropet om det 'nye' stilner fort.

    For det hele er uendelig mere
    nytt enn høye hus og kabelspenn.
    Gammel lyser stjernen over dere
    når ropet om 'det nye' er dødd hen.'

    Ikke tro at lange transmisjoner
    allerede dreier fremtidshjul.
    For eoner taler med eoner.

    Mer enn vi begrep er skjedd i skjul.
    Og det aller fjernest fjerne skal vår
    fremtid fatte med vårt indre alvor.

Tony Harrison (f. 1938) skriv om Irak-krigen eller om kjærleik. Om han sjølv skriv konsekvent på rim, kan mottoet hans gjelde for alle typar poesien i dag: 'Avantgarde er å skrive forståeleg!' Som i Illinois elegi':

    Alt eg fekk heim av son min har eg jorda.
    Alt dei fann av han det har eg fått.
    Det trådde skoa av seg for å spora
    DNA nok til ein bomullsdott.'

Er ikkje dette 'nytt', kanskje? Er ikkje dette det Wallace Stevens kalla 'news that stay news?'.


* * *

Dikt frå Gras (Samlaget, 2006)


Mais-tryptykon
Maisguden, Museo de Antropologia, Mexico by

Gudens
grep om
maisen

Utan guden
ingen mais
ingen grep.

Utan mais
Ingen grep om
Gud.


Ris
Blømingsgena i ris søkt pantentert som oppfinning, 2004. genomet i ris kartlagt august 2005.

ATG GGG CGA
TAC CCC GCT

Opp av rismarkenes forvatn
                        lydande
eit nyleg nedteikna spegelspråk
                        tydande
i ei solsteik frå senit, spiralslankt
                        trådande
ei tekst om bløming, open og
                        håpande
stavar risen seg inni og
                        gryande
svarar risen seg, digitalt
                        gåtande
ris sir, irs sri, pollenet
                        frævande
kor fagert talet på dine former,
                        levande
mønster på laserskjermen,
                        bydande
eit språk over vatnet, tent og
                        svevande
Bli ris!
                        Ris, bli -


Klokker

At det finnes klokker som lagrar tida
ved å stå nesten stille,
isotopar i is og skifer, C14,
einskilde tikk lagra som tid ved å stå
nesten stille, statiske eit nesten aldri;

Buddhas opplysing, Isak unnfanga,
mageinnhaldet til Ötzi og myrmenn,
urfisken henta frå djuphavsgrottene,
sen røykte slimålen, niauge,
hesteskokrabben, kråkefot, kjerringrokk:

at det finst klokker, tidsur i gena,
visar, sekvensavvik, ferdskrivar,
loggbok for blåklokker; lytt på langbølgja
i mitokondriar overleverte frå Eva,
tikka blant nådelaust tidlause samsvar;

at det finst klokker i engsvingelgraset, i kloroplastanes
nesten aldri, nesten still, ei datert
Iberia før siste istid, ei anna på Balkan, som møttest
slik to klokker går i det same rommet, ei tredje
ennå ein avsondra visar i Kaukasus;

at det finst klokker som lagrar all tid,
erindringar, déjŕ vus, draumar
nærare meg enn eg er meg sjølv,
punktlege sekretærar, kvart avvik
arkivert i gen, i likesæle tikk;

slik gena i mais sporar minne
like ståande som Stonehenge,
at ei kvinne i Oaxaca for 9700 år sidan
la merke til dei store maisfrøa og sådde dei,
er all tid lagra for nesten alltid

i klokker med visarar nesten tause, eit rom
fullt av klokker, ein kakfoni av nesten aldri,
eit brus frå planetariske ekspansjonar og
undergangar, runer der punktum er kolon
i klokker som står med nakken til og tek tida.



Publisert 29.09.06
Tekst: Ronny Spaans og Åsmund Bjørnstad
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 29. september 2006.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen