Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

bokmelding
29. september 2006

Jon Olav Sørhaug, f. 1981, skribent og litteraturvitar.

Episodisk og ujamn andrebok av Hellesen

T. Hellesen: Akselerare
Roman, 107 sider
Det Norske Samlaget, 2006


Akselerare er Florø-forfattaren T. Hellesens andre bok og hans første roman. Då han debuterte i fjor med diktsamlinga Noko av deg lever andre stader fekk han særs god omtale både her i Jung og i ei rekkje andre norske avisar og tidsskrift - og dette har forlaget sjølvsagt nytta seg av i omtalen av forfattaren og den nye boka. Når forlaget på heimesidene sine kallar Hellesens debut ein "brakdebut" og at andreboka har blitt ei bok "det står respekt av" - så var også mine forventningar til Akselerare høge.

Eit trekk vi kommenterte ved førsteboka var det tematiske sambandet mellom framsida på boka og innhaldet i ho. Også i Akselerare gir omslaget ei biletleg framstilling av bokas tematikk. Det er eit fotografi av ein mann som står på ein veg under eit nettverk av kraftlinjer som går frå stolpe til stolpe utover i terrenget. Dette må sjåast på som ei biletleggjering av tilhøvet mellom einskildmennesket og dei relasjonane som knyt menneska saman. Denne tematiseringa av relasjonar speglar seg også i oppbygnaden av boka. Akselerare består av 25 korte kapittel, som sjølv også er delt inn i fleire avsnitt. Dei ulike kapitla kan både lesast som frittståande tekstar og som sekvensar i ei større handling som skrid fram gjennom romanen. Perspektivet vekslar heile tida mellom ulike personar. Det blir fortalt om ein svensk naturfaglærar, om den arbeidstrøytte sjukepleiarkjærasten hans og den seinare sekretærkjærasten, om søstera hans som døyr av seinskadar etter å ha fått juling av ein drikkfeldig og bitter ektemann, om prestar, journalistar, forfattarar, fotografar og ornitologar. Og for kvar person forteljinga oppheld seg ved, vekslar også forteljarinstansen. Det fører til at forteljinga somme tider er i eg-person, somme tider i tredjeperson hankjønn og hokjønn. Også stilen og språkstemmen varierer frå det korthøgde og presise til lengre utgreiingar; frå siteringar av andre bøker, via noko som kan likne på filmmanus og dialogar, til reine tankeskildringar. Men mellom og gjennom alle desse ulike vekslingane trer det fram ei historie om ein mann som bryt opp frå kjærasten sin og livet sitt i Sverige for å reise i ei gammal likvogn til Noreg og vestlandet, der han på falskt grunnlag tar seg jobb som kyrkjeverje. Under opphaldet der forelskar han seg i ei ny kvinne, før han etterkvart bryt opp frå ho også, og reiser vidare. Denne historia blir rett nok ikkje fortalt på nokon lineær eller endefram måte. For på same måte som forteljarens posisjon vekslar mellom ulike identitetar, så bryt forfattaren også opp det lineære tidsperspektivet ved å la dei ulike episodane bli fortalt i ei anna rekkjefølgje enn kva dei "opphavleg" fann stad i. På mange måtar kan denne episodiske og lausrivne framstillingsmåten minne om ein postmoderne kollasj, der ulike perspektiv og identitetar heile tida konkurrerar med kvarandre og utfyllar kvarandre etter kvart som romanen skrid fram. Og på same måte som kraftlinjene på omslaget av boka er knytte saman i eit nærmast overskodeleg nett over mannen som står ved vegen, er også dei ulike kapitla og delane av boka ført saman i ein samanheng som lesaren berre kan ane, men ikkje stadfeste, under lesinga av romanen.

Nettopp relasjonane mellom menneska ser ut til å vere noko av hovudtematikken i Akselerare. Personane i boka er knytt saman med kvarandre gjennom familiære band. Og dei hendingane som blir fortalt tar ofte utgangspunkt i situasjonar der personane anten blir forelska i kvarandre og/eller har seksuell omgang med kvarandre - eller i situasjonar der dei bryt opp frå kvarandre og går kvar til sitt. Dette er ein tematikk som ser ut til å vere i tida; profilerte samtidsforfattarar som Jon Fosse, Trude Marstein og Hanne Ørstavik - for å nemne nokre - har dei seinare åra diskutert forholdet mellom samliv, familierelasjonar og oppbrot, i bøkene sine. Men Hellesens bidrag er ikkje noko etteraping av litterære forbilde. Hos Hellesen er identiteten til det einskilde mennesket nært knytt saman med identiteten til dei andre. Det heitar mellom anna at "det å møte andre er å møte seg sjølv". For sjølv om personane i Akselerare ikkje klarer å leve med kvarandre, så blir dei smitta av ein nærleik og ein kjærleik som ikkje let seg fordrive; "Ein kom seg ikkje unna. Slik ho heller ikkje kom seg unna, slik alle delar av ho var infiserte av hans trong for rørsle, hans trong for noko anna, han.". På denne måten blir den reisa hovudpersonen i romanen gjer gjort til eit umogleg prosjekt. Hovudpersonen kjem verken nærmare eller fjernare seg sjølv og sin eigen identitet gjennom å reise bort frå heimstaden sin for å søkje betre lukke andre stader.

Ein annan tematisk tråd i Hellesens romandebut følgjer det som har med rytme og fart å gjere. Det er ikkje tilfeldig at hovudpersonen har bakgrunn som jazzmusikar - og det er heller ikkje tilfeldig at romanen har ein tittel som speler på det latinske ordet for fartsauke; accelerare. For hovudpersonen i romanen kan det sjå ut til at menneska han møter representerer ein trugsmål; noko som held han fast og stoggar rørsla og rytmen i livet hans; "Denne reisa hadde vore meir som eit aggregat av bilete, kjensler og tankar (...) Eit landskap han vart. Og dei var ein del av det, desse menneska han no ikkje lenger ville møte. Dei var ein viktig del av det. Samstundes truga dei denne freistnaden hans på å finne sin eigen fart. Ein fart som ikkje var reisetida mellom punkt, men ein rytme, ei stemning; noko som trong ulike typar motstand for å sette han i kontakt med det som enno ikkje var han. Det som levde andre stader. Det som enno berre var mogleg". Gjennom denne passasjen kan vi sjå korleis rørsla bort dei menneska hovudpersonen kjenner kan vere ein freistnad på å danne ein ny identitet - og at identiteten er noko som er i rørsle heile tida og ikkje stilleståande eller satt. Etter mi meining er dette avsnittet eit av dei betre avsnitta i Hellesens roman. Her let forfattaren farta og rytmen dominere det språklege uttrykket på ein måte som opplevast treffande og original.

Men til trass for somme språklege glimt er det mykje som ikkje er like vellukka i Hellesens romandebut. Måten forteljinga er skriven på gjer det særs vanskeleg for lesaren å henge med utover i boka. Mange av avsnitta og kapitla må lesast fleire gonger før ein forstår kven eller kva det handlar om. I og for seg kunne dette vore spennande grep for å utfordre lesarens tilvente møte med den prosaiske teksten. Men det er noko ved oppbygnaden av avsnitta i Akselerare som bryt kohesjonen på ein måte som opplevast lite fruktbar, i alle fall for meg. La meg ta eit lite døme frå starten på tredje kapitlet: "Tørr. Ho, kven det no var, vatna dei ikkje meir. Kanskje vatna ho dei før. Men no vatna ho dei ikkje meir. Han høyrde det. Alt dette utanfor". Det er ikkje umiddelbart forståeleg kvifor forteljaren ikkje veit kven det er som er fokuseringspunktet ("Ho, kven det no var"), berre at blomane ("dei") kanskje ikkje har fått vatn på ei stund. Og kva er det han høyrer? Kven er han? I avsnitt som desse glimrar tematiseringa med sitt fråvær. Vi anar ikkje kva det handlar om, fordi fokuseringspunkta ("ho", "dei", "han") ikkje har blitt presentert og gjort til tema for lesaren. Kva grunnen til det kan vere, er ikkje umiddelbart forståeleg. Kvifor ikkje berre skrive at det er blomane det dreiar seg om? Det er klart at desse grepa er gjennomtenkte og systematisk utførde av forfattaren, men eg greier med min beste vilje likevel ikkje å hengje med i svingane. Alt for ofte løpar setningane av garde gjennom avsnitt og sider utan at ein som lesar kjenner seg som ein del av ferda. Til trass for den fartsfylte tittelen er Akselerare difor ei bok som må lesast seint og med mykje tillit til forfattarens prosjekt, dersom ein skal få det heilt store utbyttet.

Både setningskohesjonen og språket generelt blir til tider spent ut så stramt i Akselerare at det opplevast utilnærmeleg for ein villig lesar. Eg kjenner meg ikkje invitert inn i romanen, men som ein utanforståande og ufrivillig kikkar, som er vitne til språklege hendingar eg kanskje helst vil sleppe å dvele for lenge ved. Til dømes ved motiv som dette: "Pisset som den rolege kulpen slukte utan å gulpe, sleppte ikkje taket. Å sjå det slik, stå like ved kulpen og granske det ...". Kva tyder det å sluke piss utan å gulpe og utan å sleppe taket? At piss kan verte poesi er det ingen tvil om, men det poetiske språkarbeidet er i døme som desse for knappe og brutale til å fungere etter diktarens intensjon. I Hellesens andrebok saknar eg difor dei språklege transportetappane, overgangane som motiverer tankerekkene, kort sagt: fleire ord. Det kan kanskje høyrast ut som ein enkel og urettferdig dom over ein forfattar som debuterte med ei lyrikksamling, og som kanskje på litt urett vis no blir lest med denne som bakteppe. Men i motsetnad til Hellesens diktdebut, der kvar tekst var gjennomarbeidd og konsentrert til fingerspissane, er tekstane i Akselerare tidvis av ujamn kvalitet. Spesielt kjærleiks- og seksualskildringane kan veksle frå det finformulerte og vare til det klisjéaktige og direkte upassande - og motsett. Vi kan ta eit døme frå eit av bokas siste kapittel: "Fingrane hennar gjennom håret. Ho masserte nakken hans. Han kjende pusten hennar i øyret. Kjende seg lett i kroppen. Kjende gråten kome. Skjulte det i håret hennar. Vog brysta hennar i nevane. Vortene stive gjennom blusen". Sjølv om språkføringa her er både presis og rytmisk, så opplevast sambandet mellom kjærteikn og gråt som så romantisk-sentimentalt og klamt for meg at eg ikkje synast det er verdig ein roman med moderne ambisjonar anno 2006. Men i fortsetjinga av passasjen blir det heile lukkelegvis raskt vendt over i ein solid og velskriven refleksjon, som avsluttar kapitlet på ein open og undrande måte: "Han såg ut av vindauget bak ho, såg kor tungt skyene hang. Gledde seg til ein slik morgon då alt berre stemte, då han kunne gå ut av senga, kle på seg, reise frå nokon han skulle kome til å sakne. Nokon som også ville sakne han. Som han kunne leve i, sjølv om han køyrde utfor vegen og forsvann". Igjen er det spelet mellom fasthalding og rørsle, mellom identitet i seg sjølv og identitet i kvarandre, som skaper eit spennande språkleg uttrykk. Kohesjonen er klår og språket er treffande - og all kritikk til trass fortener boka å bli hugsa for språkglimt som desse.



Publisert 29.09.06
Tekst: Jon Olav Sørhaug
Godkjent: Jung forlag DA

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 29. september 2006.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen