Litteraturmagasinet *Jung* utgitt av Jung Forlag

kjartan hatløy
31. august 2006

Kjartan Hatløy, f. 1954, er aktuell med med sin sjuande diktsamling "I kråkekrins" på Forlaget Oktober.

Tre dikt

Kjartan Hatløy: I kråkekrins

Kjartan Hatløy:
I kråkekrins
Ei blanksvart sol er kråkas auge no
kven der så nær?
jau der inni flyt seg ein annan fjord
den svingar, hentar
den glitrar, sjemtar
med sin sinte skog


*

Berre skyfri himmel og ho
ikkje bakkar i dag
ikkje hus og vegar
berre skyfri himmel og ho
datt gjennom den
rasande fort


og berre vengene på vakt


*

Hennar snublande dans kjem rullande mot deg

all tyngd på venstrefoten, all tyngd på høgre
eine venga strekar, nebbet glir opp og att

klør rispar og skeisar over døde og fødde

ho: på låtten



Publisert 31.08.2006
Tekst: Kjartan Hatløy
Godkjent: Jung forlag DA
Dikta er henta frå den aktuelle samlinga "I kråkekrins" (Oktober, 2006)

tilbake til fremsiden... | kommenter denne teksten...

Copyright © 2000-2006, Jung Forlag. Ta kontakt med oss! Sist endret 31. august 2006.
Bakgrunnsmønster av Lene Nyborg Jensen